onsdag, juni 19, 2013

Dagbok 2013: 19.juni

Klokka er 16.15. Ute er det lettskya og fint, temperaturen er+ 23 grader C.
Nils var vekk då eg vakna klokka 5 i dag tidlig, men eg visste at han var ute og drog liner. Han kom heim att i halv ni-tida med ein god del fisk. Kveite hadde han ikkje fått, men sei, lange, hyse og kolkjeft.Vi åt tidlig middag og i dag vart det småsei.
Eg fekk ikkje gjort så mykje før middag, men gikk no her og pusla, luka litt ugras, laga rabarbragrøt m.m.
Etter at vi hadde kvilt middag, skulle han klippe resten av plenen og eg gikk meg ein tur i skogen. Lenge sidan eg har gått ein skikkelig tur no.
Gikk opp i svingen og så ut den vegen som vi kallar "Raudhyttevegen", der er det nesten flatt. Dagmar har lagt ned det meste av skogen på begge sider av vegen, der ser stygt ut.
Men så er det fin sti resten, ut til kvilebenken. Ein kvilebenk treng ikkje vere så forseggjort, det er nok at ein kan henge seg nedpå litt, og kome seg opp att.
 
Eg var i tvil om eg skulle prøve å forsere diverse tre og greiner som stenger stien mot Åsmundmarka, men eg tok sjansen, og det gikk bra. Eg er heilt uvand med å gå i terreng etter alle åra med dårlig form, men eg må vel prøve å trene meg opp att. Det å gå med progressive briller i terreng er heller ikkje heilt trygt.

 


I dag gratulerer vi Elin på Rygg med dagen.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Du er heldig som har så mykje fint turterreng i nærområdet. Svein, Anne, Audny og eg har vore i bursdag hos Elin. Ein fin dag i Gloppen.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...