søndag, juni 30, 2013

Dagbok 2013: 30 juni.

Klokka er 18.30, temperaturen er + 20  grader C, det er overskya og opplett. Sola har så vidt vore framme nokre gonger, men mesteparten av dagen har vore som no. Det er deilig vêr å vere ute i. Eg sov middag på altanen, hadde dyne på meg, men det vart nesten for varmt. No for Nils av garde for å fiske i lag med Hassan, det er lenge sidan dei har vore i lag på sjøen.Hassan hadde høyrt rykte om at makrellen er komen. Eg skal bruke åleinetida til å lese i boka mi, blant anna.
I dag bestemte eg meg for å vere heime, har problem med å sitte for tida, så biltur er ikkje det som fristar mest. Sidan vêret var så lageleg, fall eg for freistinga og bytte på sengene, vaska sengetøyet etc. Det er no stilt og fredelig arbeid som ikkje forstyrrar nokon. Ein av naboane klipte plen, det er uvanlig at nokon gjer det på søndag her i nabolaget. Her er stilt og fredelig til vanlig.Nesten for stilt!
Til middag steikte eg sei, og laga rabarbrasuppe til "dessert". Det smakte sjølvsagt godt.
Elles har eg site ute og prata med leigebuaren vår og eit par av veninnene. Den eine fekk med seg ei valmuesøster heim til Hareid.
Som sagt ein søndag utan dei heilt store opplevingane, men det var etter eige val. Nils var på besøk til ein som ville vise han bilde frå Solund, så han var ein tur på føremiddagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...