mandag, juli 01, 2013

Dagbok 2013: 1.juli

Klokka er 19.00, temperaturen ute er +12 grader C og det regnar. Det siste var ikkje med i planen, så programmet vart skipla.
Nils starta friskt i dag med å klippe granhekken og male greinene på kompostkverna. Etter at eg hadde rydda litt inne, var eg ute og hjelpte til ei stund. Mens vi heldt på å jobbe, kom eg på at eg ville koke rømmegraut, sidan Margrete skulle komme bortom. Ho hadde nokre ærend i Volda og så ville ho komme hit etterpå. Det vart ein snartur på butikken for å skaffe rømme, og grauten var ikkje heilt ferdig då Margrete kom. Ærenda i Volda hadde tatt kortare tid enn forventa. Vi vart no sittande å prate ei stund, for ingen av oss hadde store planar for dagen- særlig ikkje etter at regnet kom.
Eg er glad for at eg vaska klede og fekk dei tørre i går!
Etter at eg hadde rydda og vaska opp litt vart det lang pause på sofaen-med lydbok. Og slik vart første dagen i andre halvåret. Men som eg plar seie: "I vår alder er det kanskje best at det ikkje skjer så mykje."
No har Nils og eg delt resten av rømmegrauten, og eg trur det blir ei stund til neste gong eg kokar.
Eg har fått problem med å legge bilde frå kamera inn på laptoppen, både med brikke og med ledning, så har eg noko å grunde på.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...