tirsdag, juli 02, 2013

Dagbok 2013: 2.juli

Solveig og eg for snart 50 år sidan.
Klokka er snart 21.00. Ute er det lettskya og ganske fint. Temperaturen er + 16 grader. Tidlegane i dag var det meir skya, men ikkje regn.
Det har i grunnen vore fint arbeidsvêr, utan at vi har gjort så mykje. Før middag var vi ein tur nedover og handla litt, så vart det middag, og først på ettermiddagen kom vi oss ut i hagen for å gjere noko. Eg er plaga med ryggen, så det blir ikkje så mykje med meg for tida. I dag skulle eg slå med kantklipparen, men det vart berre tull, sena rauk heile tida og Nils måtte reparere fleire gonger.
Har hatt hønsegjødselpellets ut over bedda i håp om at kattane sluttar å grave der.
Eg får ikkje gjort mykje for tida, har ikkje lyst å vere inne om vi skulle vere så heldige at det skin opp. Eg er litt irritert på meg sjølv fordi eg går og føler på at eg skal GJERE noko heile tida.
I morgon er det 50 år sidan vi fekk det første barnet vårt på sjukehuset på Eid. Den sommaren var det veldig fint vêr, så då legen spurte kva eg ville kalle jenta, sa eg at eg ville kalle opp att sommaren. Det vart Solveig. Nils hadde tenkt at ho skulle kome før han reiste på fiske til Island, men slik vart det ikkje. Han fekk meldinga over radiotelefon mens han var til havs: " Ei jente. Alt vel." Solveig var 6 veker gammal då faren fekk sjå henne for første gong. Då begynte eg i full jobb etter  permisjonen, og Nils hadde "pappaperm" - lenge før ordet var oppfunne. Vi budde på Raudeberg den gongen.
Solveig feirer 50-årsdagen i Roma.

6 kommentarer:

Bjørg sa...

Så pene de var! Og er sjølvsagt enno !

Elin sa...

Interessant å lese! Til lukke meddagen i morgon!

Besta sa...

Mange minne dukkar opp når ein "går tilbake" i tid.

Hildegard sa...

Eg huskar godt den dagen Solveig kom til verda. Første barnebarnet til mormor Amanda. Eg hadde sommarjobb på sjukehus-kjøkkenet der Amanda var sjefs-kokke, og visste ikkje då at eg skulle bli gift med onkel og fadder, Svein.
Eidabesta

arieldog sa...

Artig å lese, og eit koseleg bilete! Gratulerer til Systa.

Besta sa...

Eg skulle ønske vi hadde fleire bilde frå "gamle dagar"-men vi kjøpte det første fotoapparatet vårt i 1968. Før den tid var det Svein som tok bilde.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...