mandag, juni 08, 2026

Dagbok 2026: 8.juni


 Klokka er no17.50, og eg tenkte eg kunne skrive blogg mens potetene kokte.

Temperaturen ute er +20grader C, og deter nokså mykje skyer på himmelen, men ikkje regn.

Eg hadde ingen planar for dagen i dag, men så syntest eg det var så altfor lenge sidan eg hadde vore på Vernet, så då blei det ein tur. Eg gjekk sakte og sat på alle benkane, så turen tok si tid. Eg møtte også ei dame som eg kjenner godt. Og det er no alltid kjekt å møte kjentfolk. 

Eg visste ikkje heilt kva eg skulle jobbe med i dag, men etter at eg hadde fått litt mat følte eg meg klar for plenklipping. Eg sette i gang å klippe plenen nedanfor huset, og det gjekk bra heilt til eg hadde berre ei"stripe " igjen. Då var det ikkje liv i klipparen, sjølv om der var bensin på tanken. Eg måtte gi opp og gå inn og sette batteriet på ladding i fall det var der feilen låg.

Etter ei stund bestemte eg meg for å luke ugras i bedda, eg sat på ein stol nedfor trapp, då det plutseleg stansa ein bil framfor augene på meg. Det tok ein augneblink før eg såg at det var Margrete. Ho  hadde vore sensor på ein skule i Ålesund, og var på veg heim. Etter ei stund kom også Amanda og Martin. Og under over alle under; Amanda greidde å fikse telefonen min på null komma null. Ho er litt spesielt flink med telefonar for ho har jobba på butikken der eg kjøpte den.

No lurer eg berre på kven som kan fikse plenklipperen, og så må eg også kjøpe bensin på den. Eg saknar bilen min kvar dag, og håper at Rasmus får reparert den og kjem køyrande inn på tunet.No er sikkert potetene ferdige så eg kan ete resten av middagen frå i går


Det var lenge sidan sist eg var på Vernet, så no var det mykje som  hadde grodd fram, til dømes lupinar. Om nokre dagar er der sikkert store "åkrar" med blomster i fleire fargar. Eg trur det er ulovleg å plante lupinar i hagane, men på Vernet og der omkring får dei blomstre fritt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 8.juni

 Klokka er no17.50, og eg tenkte eg kunne skrive blogg mens potetene kokte. Temperaturen ute er +20grader C, og deter nokså mykje skyer på h...