mandag, juni 15, 2026

Dagbok 2026: 15.juni

Klokka er no20.00, temperaturen ute er + 11graderC ,og det er kald vind. Eg gjekk å småhutra heile føremiddagen og vel så det, men så fekk eg ein genial idé, eg kunne ta på meg ullgenser og då vart det straks betre.

Denne dagen har eigentleg vore litt "rotete" for eg hadde ingen spesielle planar, så det vart litt her og litt der, rydda litt i tilbygget, og litt her og der i hagen. Det siste eg gjorde ute  var å spyle plenklipperen, men den ville ikkje gå likevel.Elles har eg vaska klede ---ja, eg har no gått her og surra med litt av kvart.

Eg har ikkje snakka med eit einaste menneske i heile dag, men eg "pratar" no her på FB. i

I dag   fyller Hilde, dottera til bror min på Eid, 60 år. Og eg gratulerer. Det var så artig med dei 6 barna våre. Dei blei født i løpet av kort tid alle 6, så dei vart veldig jamgamle og mamma vart bestemor til 6 i løpet av nokre få år. 

Eg er skuffa over veret i dag , det er kaldt og vi har eigentleg hatt det mykje varmt og godt leng.Det er ikkje så kjekt å jobbe i hagen når det er så kaldt. Eg får håpe at sommaren kjem att om ikkje altfor lenge.


.



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 15.juni

Klokka er no20.00, temperaturen ute er + 11graderC ,og det er kald vind. Eg gjekk å småhutra heile føremiddagen og vel så det, men så fekk e...