onsdag, juni 03, 2026

Dagbok 2026:3.juni

 

Klokka er no 21.30, temperaturen ute er +20 grader, men det har ikkje vore så mykje sol i dag.

Eg har som vanleg jobba i hagen , eg har klipt litt plen , men mest har eg rydda i bed etc. PÅ bildet ser vi beddet ved Urke-garasjen, der hadde eg litt av ein jobb i dag, eg kan ikkje beskrive det, men det tok si tid, Til slutt hadde eg ein heil sekk med mold oppå, då ser det straks betre ut.Eg likar å halde på ute, og i dag var det bra arbeidsver; opplett og delvis sol, men ikkje for varmt- Eg var oppe hos Marit ei lita stund, elles har eg knapt snakka med nokon. 

No i kveld sit eg inne og ser på TV-innimellom, så eg har ikkje så mykje å fortelje om. Eg har ikkje sett snurten av Erlend, så eg reknar med at an kanskje er hos Margrete no når de har fått seg båt.Det er mykje som står att av hagearbeid, så eg blir ikkje arbeidslaus med det første- og det er bra. Eg angrar litt på at eg ikkje gjekk ein tur på Vernet i dag, men det kjem ein dag i morgon også-håper eg.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:3.juni

  Klokka er no 21.30, temperaturen ute er +20 grader, men det har ikkje vore så mykje sol i dag. Eg har som vanleg jobba i hagen , eg har kl...