mandag, juni 22, 2026

Dagbok 2026: 22.juni


Desse blomstrane heiter storkenebb, så vidt eg veit, dei veks også vilt, men denne er kjøpt, eg fekk den av ei som budde her i gata før. Den er så stor og fin og blomstrar mykje

Klokka er no 18.53, og temperaturen ute er +18 grader. Det har ikkje vore så fint i dag, regna litt har det også gjort. Eg prøvde å jobbe litt ute på føremiddagen, men det vart ikkje så mykje av det, for alt var så tungvint.

Etter ei stund vart eg lei og gjekk inn og varma opp resten av middagen som eg hadde i går. 

Men så begynte det å skje ting, Solveig sende melding om at ho og Øystein skulle komme i morgon og kjøpe ny klippar til meg På EIK-senteret. Rasmus hadde sendt bilde av klipparen dei skulle kjøpe osb. Det var ein som Rasmus hadde foreslått- Så no kom alt på gang, og eg begynte å sjå fram til det som skulle skje; eg hadde vore i tvil om kva eg skulle gjere, men no slepp eg å tenkje på det. Og så kom Erlend heim rett etterpå, han skal få kjøpe sen til kantklipparen-Solveig eller Øystein kan køyre ned. Sånn kan det gå når ein heil familie arbeider på lag.

No ser eg fram til morgondagen og det som skal skje. Og eg skal få jobbe i hagen min igjen. Rasmus og fam. skulle ta fly i dag, dei skulle til Lisboa. Erlend skulle også ut og reise, dei har mange speleoppdrag om sommaren. Eg blir vel gåande her, og det er heilt greit. Så lenge Nils var frisk var vi på mange og lange bilturar, og det er kjekt å tenkje tilbake på. 

Øystein hadde forresten fødselsdag i dag. Han er 64 år. Han og Solveig er pensjonistar no. Solveig blir 63 neste månad.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 22.juni

Desse blomstrane heiter storkenebb, så vidt eg veit, dei veks også vilt, men denne er kjøpt, eg fekk den av ei som budde her i gata før. Den...