Naboen klipte plenen min før helga
Klokka er no 18.08,det er opphaldsver, men eg har ikkje vore ute i dag, eg har sete inne heile dagen utan å gjere så mykje, for eg har ikkje vore heilt i form. Eg har hatt ei kjekk tid lenge no;eg har halde på mykje i hagen og det er noko eg likar. Men så skjedde det noko, det sa berre pang! og så var grasklipparen gåen. Eg må vel ha ein ny, men det må eg ha litt hjelp med å kjøpe. Eg har litt låkt i ein fot også, men det har eg no av og til. Eg er framleis utan bil, og eg veit ikkje om dei greier å få i stand den bilen eg hadde og som Rasmus har nede hos seg. Eg nå no seie til meg sjølv at eg er gammal og då kan eg ikkje forvente å vere så sprek, men eg satsar no på å komme i arbeid igjen-her heime altså.
Margrete og Svein reiser på ferie no etter kvart og det gjer vel andre også, men det har ikkje eg planar om. Eg er fornøgd med å feriere her heime, berre eg få styre på i hagen min. Og så reknar eg med at familien kjem på besøk. Det eg er spent på det er om føtene mine fungerer så eg kan gå tur.
I dag har eg laga meg god middag og etterpå vart eg sittande i godstolen framfor TV -og kor lenge eg sat der, veit eg ikkje, men eg trur det var ei god stund , for klokka var blitt 18.
Solveig kjem no ein tur innover i løpet av veka , trur eg, no skal no både ho og Øystein bli pensjonistar, og det blir kjekt for dei, trur eg. Dei har no to barnebarn, og det kan lett bli fleire.
No skal eg lage meg ein kaffikopp og ta fram litt is-og kose meg. Marit er ikkje heilt i form så eg har ikkje henne å drikke kaffi i lag med akkurat no. Men ho blir vel snart bra igjen. Håper eg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar