torsdag, juni 11, 2026

Dagbok 2026: 11.juni

Sjå på den store buska som står på tunet. Ein gong var den liten i ein juledekorasjon. Så vart den planta ut og har vakse seg stor-FOR stor meiner eg.Eg har no klipt litt på den kvart år, men no har eg bestemt at den skal heilt vekk. Så er det berre å vente på ein mann med motorsag. Ja, motorsag har eg no sjølv, men er trur eg vil overlate til andre å sage.

Klokka er no 22.05, temperaturen ute er +10 grader og no regnar det litt igjen. Det ser ut til at det regnar om natta -og sola skin meir og mindre om dagen.

Eg fekk ikkje klipt plen i dag heller for klipperen er heilt død, trur eg. Men eg jobba no ganske mykje ute likevel,klipte gras med saks både her og der. Hadde eg no endå hatt sen i kantklipparen, men han som brukar å fikse den har forsvunne og blir vekke i fleire dagar. Men det er no mykje eg kan gjere i hagen uansett. For rett som det er kjem ugraset fram etc. etc. eg må no berre vere ute å styre uansett.I morgon er det fredag igjen og då er det vaskedag-trur eg. Det blir no ikkje så veldig mykje vasking kvar veke. 

Laurdag kjem Margrete og tek meg med på handletur. Det kjem vel med for det minkar på maten. 

Sidan eg ikkje kan strikke, blir det til at eg SER på TV-en. Og der er i grunnen mykje interssant, men heretter blir det vel berre fotball. 

Eg tenkjer ofte på mamma kor hekta ho vart på fotball på TV etter at ho hadde fylt 80. (Ho hadde aldri sett ein fotballkamp live)Og mandags morgon var det tidleg opp, for då måtte ho ned i kiosken for å få aviser og lese om søndags- kampen.Trur det var på grunn av eit barnebarnet som spela fotball ho blei interessert. Eg har aldri blitt interessert i fotball. men mens Nils levde vart det no til at eg såg ein kamp av og til.




 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 11.juni

Sjå på den store buska som står på tunet. Ein gong var den liten i ein juledekorasjon. Så vart den planta ut og har vakse seg stor-FOR stor ...