Klokka er no 18.26, det er+15 grader C ute, og det regnar bitte lite grann, men det blir vel meir etter kvart, Eg har ikkje vore mykje ute i dag. Fordi eg trudde det var fredag, tok eg fredagsvasken, det var fort gjort,så eg sette meg i godstolen-og sovna. Og plutseleg var Margrete der. Eg visste ho skule komme og køyre meg på butikken, sidan ho først var i Ørsta, på Ivar Aasentunet. Ho kunne opplyse meg om at det var laurdag og ikkje fredag som eg trudde. Eg har litt vanskeleg for å halde styr på dagane no når eg ikkje har timeplan.
Etter at vi hadde prata litt køyrde vi ned på ALTI fordi eg skulle på apoteket. Men først måtte vi ha kaffi og Wienerbrød i kafeen under trappa. Det er voldsomt kor dei bygger på der nede no, men dei klarer å ha opne butikkar og kafear til tross for uroa.
Eg skulle kjøpe inn mat til meg sjølv, såpass mykje at det held ei stund. Og det fekk vi gjort på den butikken som eg er best kjent på, KIWI på Vallabøen. No kan alle vere sikre på at eg har mat nok i 14 dagar i alle fall.
Eg har ikkje fått stelt så mykje i hagen dei siste dagane, så eg får noko å ta igjen når eg begynner på igjen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar