lørdag, juni 02, 2012

Vêrmelding 2.junu - 2012



Klokka er 23.00. Det er overskya, og litt regn av og til. Temperaturen er + 7 grader C.
I dag har vi vore til Stryn og feira to fødselsdagar under eitt. Vi tok 12.45-ferja frå Volda og stakk innom Margrete på turen.Var framme i Hokelstegen ca 14.30. Der vart det etter kvart ein stor flokk med slekt, somme hadde eg ikkje sett på 10 år, andre var det enda lenger sidan eg hadde møtt. Deilig koldtbord først, og kaffi og kaker seinare. Alle 8 barnebarna var der, det var no ekstra stas. Ein får ikkje snakka så mykje med kvar når ein er så mange, men kjekt var det i alle fall. Takk for ein fin dag til Lise og Kjell.
Alle tre bilda over er tatt frå same posisjon i det vi skal fare.
Vi hadde tenkt å ta ferja klokka 22 frå Folkestad, men då vi var komne vel inn i bilen fann vi ut at ferja gikk klokka 21.20 og klokka 22.20. Den første hadde vi ikkje sjanse til å nå, og alt for god tid til den neste. Vi hadde ei gammal ferjerute i bilen og fann ut at der gikk ferje frå Leknes til Sæbø klokka 22.15. Dermed bar det opp Hornindalen og ned att Nordangsdalen.Ein fin tur for så vidt. Fem på ti var vi på Leknes-og der kom ferja med ein gong! Eg hadde sett feil i ruta enda ein gong, men denne gongen var det til vår fordel.
Vegen som svingar seg bortover til venstre går inn i holet i fjellet og kjem ut att på Kalvatn. I dag såg er fordelen med Kvivsvegen.
Vi kjørte nedover Nordangsdalen i nokså grått ver og forbi Union Hotell Øye i full fart. Bilda er knipsa gjennom bilvindua.

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...