fredag, juni 01, 2012

Vêrmelding 1.juni - 2012

Klokka er no snart 14.00, og vi har nettopp hatt oss ein liten lunsj. I dag er det + 10 grader C og bygevêr. Sist natt hadde det snødd langt nedetter fjellsidene, men då eg kom ut på trappa og skulle ta bilde i 9-tida, kom sola fram.
 Vi skulle nedover og handle i dag, først var vi på Amfi, og deretter opp i gågata. I Ørsta sentrum er det planta lindetre over alt, dei er så vakkert lysegrøne med det same dei sprett ut.Frå parkeringsplassen er det fin utsikt bort i Hovdebygda. Eg hadde kledd meg i regnkåpe, og sola skein.
Fredag kveld:
Slutta av litt brått før i dag, for eg fekk ikkje lagt inn fleire bilde. 
Klokka 18.00 var det ballettshow i lag med heile fam.til Margrete + besteforeldra i volda. Det var jazz og hip-hop i dag, og forrykande tempo heile vegen.Begge jentene var med og dansa.(Dei fekk kvar si rose denne gongen også- som vart att her hos oss.)
Etterpå vart Margrete og ungane med heim til oss og fekk middag. Eg hadde alt klart på førehand; gryterett med ris+skogsbær med krem og is. Det er ferjekaos i Volda for tida fordi vegen rundt Austefjorden er stengt. Men eg håper dei kjem seg heim før det blir alt for seint.

2 kommentarer:

solveig sa...

Her var det og nysnø i fjella i dag!

arieldog sa...

Vi kom oss greitt heim, for no var køen normal.

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...