torsdag, mai 31, 2012

Vêrmelding 31.mai - 2012

Klokka er snart halv sju. Ute er det overskya, regnbyger og + 7 grader C. Forrige torsdag var det + 30 grader C. Eg berre nemner det. Det einaste positive eg kan finne med dette veret er at dei tulipanane som kom sist får eit litt lengre liv enn forventa.
I dag har eg vore inne og tatt verda med ro, heilt frivillig er det ikkje. Det gikk bra med meg etter den hasardiøse turen eg tok 2.pinsedag. Trudde eg. Men i går, då eg gikk ein liten,  slapp tur rundt Storebakken, kom verken som eg frykta. Tok rikelig med smertestillande før eg la meg i går kveld, og sov til klokka halv ti i dag. Så har eg berre tusla rundt og gjort litt husarbeid i dag.
Eg strikka ferdig ein lest i går kveld, slik med skiftefarga garn, og så måtte eg ha dagslys for å finne fram til der eg skulle begynne på nr.2. Heldigvis hadde eg kjøpt to nøster med garn, så eg tok det nøstet som vart minst "svinn"på. Eg trudde eg var på rett spor, heilt til eg oppdaga at det andre nøstet var nøsta opp motsett veg. Ja, det er vel berre dei som strikkar med slikt garn sjølve som forstår problemet. Men no har eg heldigvis nok garn til to par lestar, så det blir eitt par av kvart nøste. Eg har hatt større problem i livet enn dette.
Sidan vi har tett program for tida håper eg å bli heilt bra til i morgon. Vi skal på ballett, og så skal vi ha middag her etterpå.
Kjøpte ein 10-pakning med små stemorsblomster som eg planta langs kanten av garasjebeddet.Dei toler det meste.

4 kommentarer:

solveig sa...

Dumt at turen fekk flgjer. Hadde unnt deg å kunne gå turar.

Besta sa...

Det gikk no bra med dei litt kortare turane, så eg skal nok komme meg på beina igjen.

arieldog sa...

Kunsten å overdrive med måte? Nydelege tulipanar og stemorsblomar! Trur eg må tigge meg nokre ballblomar av deg ved høve.

Besta sa...

Du kan få kor mange stauder som helst, men du risikerer å få ugras med på kjøpet.

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...