lørdag, november 16, 2013

Dagbok 2013: 16.november.


Klokka er 20.00, temperaturen ute ca +  8 grader C og akkurat no er det stilt. Elles har det regna og blæse i heile dag. Minte litt om jula for snart to år sidan.
I dag var det to som skulle feirast, nemlig Nils og barnebarnet Erlend som blir 10 år den 24. i denne månaden. Det vanka gåver til begge to. Erlend hadde ønska seg eit skjerf, og det hadde Solveig kjøpt. Skjerfet fall i smak, og han har allereie funne eit par måtar å knyte det på.
Nils ønsker ser ingen ting, men fekk mellom anna ei maskin til å male kaffi på, kaffien bli så mykje betre då-i følge Solveig.
Elles så varta vi opp med full julemiddag med pinnekjøt, julepølser rabbestappe etc. Pluss eit par dessertar.
Vi vart såpass mette at det ikkje vart så stas med kaker som det ville ha vore om vi var svoltnare. Den eine kaka bar eg rett i frysaren.
Det var så fælt vêr at eg tykte det var ekkelt at Solveig skulle køyre utover, men ho er vel heime for lengst. Det var berre ho og dei to yngste som kunne komme i dag. Eirik skulle delta på "Battle of the bands" på Kaihuset her i Ørsta, så Margrete og dei andre to vart med han dit. Eg har fått rydda opp i huset, så no skal eg sløve framfor TV-en resten av kvelden.
Olaug og Håkon.

Amanda og Eirik.
 
Solveig.

Kransekake med vitsar er eit must. I dag likna kaka mest av alt på det skeive tårnet i Pisa. Men den smakte godt. Kjøpt på Coop i Ørsta.
De har kanskje lagt merke til at her ikkje er bilde av Margrete og meg. Det er heilt tilfeldig.

2 kommentarer:

solveig sa...

Takk for oss! Varierande ver på heimturen. Det bles litt over brua, og det låg greiner i vegen etter ein av tunellane. I Ulsteinvik var det ikkje regn då vi der og fine køyreforhold.

arieldog sa...

Takk for oss òg! Vi kom ikkje heim før klokka 22, men vi hadde ikkje rukke å bli svoltne enno.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...