Klokka er snart 18.00. Sola skin og det er nydelig vêr ute, men det var litt treigt før det klårna opp i dag.
Temperaturen ute er no +11 grader C.
I dag har vi feira 74 -årsdagen min. Eg er i grunnen ikkje så glad i å feire meg sjølv, men når gjestane kjem på eige initiativ, synest eg det er veldig kjekt.
Bodil og Svein kom til lunsj , som avtalt, Solveig og Olaug kom overraskande, og Margrete og Svein kom innom på veg til Kristiansund, der dei skal vere publikum på UKM -sidan Eirik og "Lommerosk" skal delta.
Det blei eit relativt rotete "festbord", men det er slik eg likar det: Ta det som vi har det !
Mange fine gåver har eg fått, nokre er alt tekne i bruk. Bodil kom med tre rosebukettar som eg miksa litt, Solveig med potteplantar, dette i tillegg til andre gåver. Det er liksom ikkje måte på ! Elles fekk eg telefon frå Ingeborg i Kristiansand og frå Ellen Marie og Anne Marie. For ikkje å snakke om alle helsingar på mobil og FB, skulle tru eg var 80. Minst. Men slik er det i vår digitale verd- ein har fleire venner enn ein veit om.
No er eg sterkt frista til å ta meg ein tur ut for å nyte dei siste solstrålane i dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026 :3.august
Klokka er no 20.36, temperaturen ute er +10 grader C og det regnar så smått, det har det gjort i heile dag- Eg stod opp og la meg igjen ei...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
3 kommentarer:
Kjekt å treffast!
Ser at eg hadde lese boka, slik eg først trudde ...
Gratulerer med dagen frå nr 14!
Takk for ein nydeleg lunsj, kaker og kaffi, og koseleg prat med dokke og dei andre gjestane. Og takk til Nils for fix ferdige sei-filêtar til frysaren!
Legg inn en kommentar