Nils og døtrene, Solveig og Margrete.
Nils og Erlend. Erlend fyller også år i november, så vi feira han også i dag.Han blir 11 år.
Audun, Eirik, Erlend og Nils.
Olaug, Nils og Amanda.
Klokka er snart 19.30, temperaturen er + 6 grader C og det har vore ganske fint vêr i dag også.
Eg brukte det meste av føremiddagen til å lage i stand til selskapet. Gjestane kom i 13-tida, og då var vi klar til å ete middag. Vi må begynne litt tidlig om vi skal få tid til både middag og kaffi.
Menyen er den samme kvart år når vi feirer Nils: pinnekjøt, pølser etc. I dag hadde vi ikkje dessert, men kakebord ei stund etter middagen. Og som vanlig laga eg til rikelig. Vi vart ikkje så mange som eg trudde, eg hadde gløymt at Øystein var i Oslo, og Einar kom først seinare, derfor er han ikkje med på bilda.
No har vi rydda og vaska opp, så blir det vel å benke seg framfor TV-apparatet.
2 kommentarer:
Fine bilder av Nils og barn/barnebarn. Kjekt å samle familien av og til.
Her var Elin på laurdagstur og shoppa i lag med jentene våre i Eidsgt. Seinare kom dei - og resten av gjengen som kunne/ville - og fekk seg klubb og seibiff...
Klubb og seibiff. Det er ikkje småtterier.
Legg inn en kommentar