mandag, oktober 13, 2008

Julelageret veks.


Til all lykke vart eg fort bra att i skuldra og fekk begynne å strikke igjen. Det går framleis i strømper-store strømper til vaksne karar. Dei mindre ventar eg med til slutt. Eg har brukt Regia og Frost-garn. Frost er det tynnaste. Men eg skulle ønske eg fekk tak i Opal, som er det beste lestegarnet eg har vore borte i til denne tid. Kanskje eg kan få tak i det på Eid når vi skal dit den 25.okt. ?
Elles kan eg ikkje strikke så mykje eg VIL, for eg må ta litt omsyn til skuldra -og ikkje minst "sitteknuten".
NB: Eg strikka to par strømper til sambuaren og eitt par til meg sjølv først-før eg begynte på julelageret!

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette var flotte herrestrømper! Så kjekt at du kan strikke, men ver forsiktig! Viss du ikkje rekk å handle den 25. når du skal til Eid, kan eg godt kjøpe noko opalgarn til deg. Eg er einig i at det er det aller beste, pga. at det ikkje er så glatt men meir ullaktig.

Besta sa...

Det hadde vore kjempefint om du kunne handle litt til meg.Den fargen du kjøpte til meg var kjempefin- og så er det vel dei som har tigergarnet? Kjøp to buntar av kvar sort dei har; godt å ha eit lite lager!Eg HAR pengar til å betale deg att!

Hildegard sa...

Kjekt at du er i gang igjen med strikkinga. Variasjon er vel stikkordet når det gjeld slike aktivitetar også. Eg er så smått byrja med strikkinga. I fjor strikka eg mjuke nattsokkar til mor i Trysilgarn (Babygarn superwash merino ull, farge gul!). Eine sokken forsvann i vasken på eldretunet, held på med ein ny, må vel tove den litt for at dei skal passe i lag - eller kanskje eg må strikke to!? Veslejenta er også byrja å interessere seg for strikking, så vi har litt øving på det når vi er i lag.

Besta sa...

Eg har den feilen at eg blir litt for ivrig, slik at eg overdriv t.d. strikking. Så no må eg til å ta det litt med ro igjen. Det er ikkje hjelp i å hekle e.l. for det er sittinga som er problemet.

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...