søndag, oktober 19, 2008

Farvel til Blue Rock.




Viss de trur at over-skrifta er ein boktittel e.l., så er det feil.Blue Rock var eit plommetre, men som det står i Bibelen: "Eit tre som ikkje ber god frukt, skal hoggast ned og kastast på elden !" No var det ikkje så mykje å seie på frukta, anna enn at det var lite av den.Og så hindra treet utsikta frå altanen mot rosebeddet.

De ser nok at det ligg mykje lauv på plenen; vi har nemlig ikkje raka. Når resten av lauvet har falle av trea, køyrer vi over med bioklipparen, som maskar det sundt før det går i komposten.Effektivt!

9 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Det er vel best å gjere som Bibelen seier. Ingen vits i ha frukttre som ikkje ber frukter! Eg er ikkje heilt fornøgd med fotoapparatet mitt for tida. Føler at bilda mine ikkje blir så klare og fine som før. Trur det må vere noko gale med innstillingane, kanskje. Elles er eg begynt å ønske meg eit digitalt speilreflekskamera. Trur det må vere tingen!

Hildegard sa...

Kjekt med utsikt - såg forresten br.rom.drama frå 2007 på TV i går kveld, "Et rom med utsikt", basert på E.M. Forsters klassiske roman, iflg. programbladet. Ganske bra, vil eg seie.
Eidabesta

Besta sa...

Mine bilde liknar i alle fall ikkje grisen, men eg synest dine er flotte.Lurer på om ikkje Solveig har speilreflekskamera, digitalt også. Viss ein er interessert i fotografering er det eit must å ha godt kamera. Det beste eg kan seie om mitt er at det er lite og lett og går ned i den minste handveska mi.

Besta sa...

Et rom med utsikt, har eg sett minst to gonger før. Men dette var ei ny innspeling med andre skodespelarar. Må seie eg fekk meir ut av filmen denne gongen. Veldig bra. Berre synd at eg alltid må sjå filmane åleine.

solveig sa...

Margrete og eg har same, vesle kameraet. Eg kjøpte eit som toler å dette ned og kan brukast under vatn, etter å ha fått øydelagt to store kamera. Journalisten har to speilrefleks, trur eg. Det billege (5000) var ikkje bra nok i lengda.
Vi tok opp resten filmen i natt sidan det var ny innspeling.
No er det fotball..........

solveig sa...

Margrete kjøpte seg nytt kamera kom eg på no.....

arieldog sa...

Eg har no eit Canon 450D. Fornøgd, men framleis ikkje storfornøgd heller. Nokre innebilete blir ikkje skarpe nok. Kanskje det er fotografen som ikkje er heilt stødig.

Olaug sa...

fint bilde! Kva for eit tre var det? Var det eit av det vi plukka av? Eller noko anna?

Besta sa...

Viss du ser godt etter på bildet, kan du sjå kvar treet stod. Trur ikkje at du har smakt dei plommene, for der var ikkje så mange på treet i år.Plommene var mørkeblålilla.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...