Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud. Det var litt hustre på morgonkvisten, så eg fyrte litt i omnen med fjøleveden vår. Så eg må passe godt på omnen sidan den ikkje er heilt i orden. Men varmt har eg det-og det er viktig for meg-eg hatar å fryse.
I dag stod eg opp i rimeleg tid, men har ikkje utretta mykje . Eg held på med første lesten av eit lestepar i tynn ull, og det går ikkje så fort, for garnet er mørkt og pinnane er tynne- men det var slik eg ville ha det--
Eg har litt kontakt med Marit , ho er på sjukehuset enno, men eg trur ho har det bra der. Reknar med at ho kjem heim om ikkje så lenge.
Eg reiste ikkje til Vik i dag, ikkje på butikken her heller, så det einaste eg har fått høyre nytt om i dag er det eg har lese i avisa eller sett på data og TV. Og det er i grunnen ikkje så lite.
Solveig har bestilt time til meg i Ulsteinvik. Eg MÅ ha nye høreapparat for eg kan snart ikkje snakke med folk når eg ikkje forstår kva dei seier. Det apparatet eg har fungerer dårleg , så det er ikkje mykje hjelp i. Eg har fått time 9.november.
Det vart så trasig med veret no, regn og vått og kaldt. Det er ikkje ver for hagearbeid i alle fall-og der er mykje eg skulle ha gjort i hagen før snøen kjem, Viss han kjem då, det gjorde han ikkje i fjor . Og han kan sleppe å komme i år også-for min del.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar