Klokka er no 19.27, temperaturen ute er + 8 grader C, Og i dag har det vel stort sett vore opplett. Eg har knapt vore ute for døra, så eg har ikkje sett så mykje på veret
Eg har ikkje vore i så god form i dag, eg verker litt både her og der, det er resultat av knall og fall i løpet av sommaren/hausten.Eg har ikkje hatt det så godt i dag, men er er betre no.
Men etter kvart fann eg ut at eg kunne vaske og rydde i huset og det gjorde eg. Det er noko eg kallar "fredagsvask"-men det blir ikkje alltid på fredag, og det er no ikkje så nøye. Eg var no glad for at eg fekk gjort noko i det heile tatt, for eg var"låk" både her og der, eg er betre no.
Men no var eg litt irritert fordi eg hadde litt trøbbel med strikketøyet mitt-ein lest sjølvsagt. Eg sat og trøbla litt med absolutt siste omgangen, så vart det noko styr og eg måtte rekke opp-kanskje litt for mykje. Så er det å strikke om igjen. Eg veit ikkje om det er garnet,,,,,men eg har hatt mykje trøbbel med det stakkars lesten . Men ein gong blir den kanskje ferdig. Men då må eg lage ein til!!!!
Eg har ikkje vore langt frå huset i dag, og eg har ikkje snakka med nokon. Men eg har fått innbydelse til ein 80-årsdag. Det er ei som eg har jobba i lag med som fyller år, på Rasmus sin fødselsdag. Det er ikkje så veldig mange att av dei eg jobba i lag med,men nokre er det og vi synest enno det er kjekt å komme i lag.
Og så har eg noko å glede meg til. Øystein ha gitt ut ei ny bok i desse dagar og eg er lova eit eksemplar. EG er så lei for at eg les så lite no. Før las eg støtt både vanlege bøker og lydbøker. Så snart eg hadde ei ledig stund, så las eg. No håper eg at lese-gleda kjem att.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar