torsdag, oktober 08, 2026

Dagbok 2026: 8.oktober


Klokka er no eit par minutt på 5, eller 17som det heiter på ettermiddagen. Og sola er på plass som vanleg. ho har fått ein stygg vane med å komme så seint på dagen.

Eg har ikkje opplevd så mykje hittil i dag, og så mykje meir blir det vel heller ikkje. Saken er at eg har ein vond fot, så eg kan ikkje bevege meg så langt. Den er ikkje så vond når eg er i ro, men verre når eg skal gå. Det kjem seg sikkert frå då eg datt med klipparen. Heldigvis verker det ikkje så mykje når eg er i ro, men det er litt vondt å sitte også .Eg håper det blir bra av seg sjølv, så eg slepp å gå til dokter, for då er det beine vegen til Volda sjukehus og røntgen, og der har eg vore VELDIG mange gonger, trur dei må ha fotografert heile meg. Eg ventar og ser. 

Heldigvis kan eg køyre bil og i dag var eg på KIWI og handla. Det gjekk heilt fint, det einaste var at eg gløymde å kjøpe syltetøy, eg hadde ikkje skrive det på lappen, for eg kjøpte sist eg var der. Så må eg kanskje på butikk i morgon også, eg held meg til KIVI så lenge det er berre mat eg skal ha

Elles har eg berre lata meg, eg har fyrt i omnen og har det varmt og godt, eg strikka ferdig ein lest og begynte på nr2. Det var garn som eg hadde kjøpt sjølv  borte i Volda, og det var ekkelt å strikke, men eg begynte no på nr.2 uansett.

Marit er ikkje komen heim frå sjukehuset, det eg veit, og katten hennar kjem til meg og vil ha kvitost for det er det beste ho veit. 
Det var litt kjølig ei stund så eg kveikte litt i omnen, og når det først er varmt held det med varmepumpa. Eg har ikkje sett på TV.en i dag, men det skal eg no gjere, må vel følge litt med i det som skjer, sjølv om det ikkje er så kjekt. Eg går liksom og trur at det er helg i dag, men det er faktisk berre torsdag. 

.I dag hadde dei laga til fleire sider med   coutrymusikk   til meg på Face Book, dei er no bra kjekke!
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026 12.november

Klokka er no19.40, termometeret på trappa står på 0 og eg tok dette bildet for eit par minutt sidan.  Den første snøen kom i går kveld og i ...