søndag, oktober 26, 2008

Rasmus 44 år i dag!




Vi gratu-lerer Rasmus med dagen i dag. Så mange år har gått sidan han kom til verda ein klår og kald haustmorgon i 1964 på sjukehuset på Nordfjordeid.No bur han med familien sin på Kongsberg, litt for langt unna til at vi kan komme på besøk i dag.Men vi feira litt på førehand då vi var der nede for ca ein mnd. sidan.
Eg har alltid problem med å finne bilde av dei vaksne i storfamilien-barna har eg rikelig bilde av. I eit album fann eg eit bilde frå Trovågen frå 1999-det er visst det einaste bildet vi har av oss og "ungane" av relativt ny dato.Så ønsker vi bursdagsbarnet og familien hans ein fin dag!

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer Rasmus!
Helsing
Eida-besten/besta.

Elin sa...

Så det er to Rasmusar som har gjebus denne dagen? Det hadde eg gløymt (for å sitere mor mi). Det har vore ei aktiv helg, eg har m.a. vore til bror min i gjebus.
Takk for i går!

Besta sa...

Eg var i tvil om vi kunne kalle den nyfødde babyen med eit slikt "gammaldags "namn. Men det at han vart fødd på mydigheitsdagen til bror din(21 år den gongen) avgjorde spørsmålet.

Olaug sa...

skifta adresse til: www.kosekanin.blogspot.com

Besta sa...

Det har eg gjort for lengst! Såpass forstod eg av meg sjølv.Men eg fann ikkje dei nye klokkene du skreiv om.

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...