lørdag, oktober 25, 2008

Gratulerer med dagen!




I dag er det bror min, Svein, som fyller år.


Han vart fødd i 1941-den iskalde krigsvinteren.Eg var berre halvtanna år då eg fekk ein bror, så det hugar eg ikkje noko av, men eg hugsar at eg sat på trappa ovafor huset men Svein låg i vogna og sov. Mykje vatn har rent i havet sidan den tid, og no er vi begge "gamle"- tida har gått så alt for fort!
I dag skal vi feire pensjonisten i lag med barn, svigerbarn og barnebarn. Det er blitt ein bra flokk!
Dessverre har eg ikkje mange bilde av bror min frå seinare år, så eg tek med ein flik av brudebildet og eit frå 60-årsdags-feiringa på Hotel Alexandra.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Vi heng oss på og gratulerer onkel Svein!

solveig sa...

Gratulerer frå oss også!

Hildegard sa...

Koseleg at Besta og Besten frå Ørsta kunne ta seg ein bursdagstur til Eid i styggeveret. 44 år sidan vi gifta oss - same året som dykkar Rasmus var fødd og Amanda vart 60. I 60-års-dagen til Eidabesten i 2001 på Alex, var mange slektningar samla både frå Stryn/Innvik, Sunnmøre og Eid. Kanskje vi skal prøve med eit slektsstemne om 3 år? Eidabesta

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...