fredag, oktober 31, 2008

Alltid noko å feire !


I dag er det 49 år sidan Nils og eg sette på oss gullringane. Det skjedde på Øygarden i Sunnfjord -no Førde kommune.Vi hadde selskap den kvelden, og så skjedde det noko stort i fjøsen, så vi hamna der i lag med alle dei andre. Grisepurka fekk nemleg ungar, eit stort kull med sprellande "marsipangrisar", som alle levde opp. Det vart teke som eit godt teikn for framtida vår. Og det var det kanskje.
Sidan vi for ein gongs skuld reagerte på datoen, fann vi ut at dette måtte feirast. Blant anna med litt shopping av eit lillastripete orkidé, sidan det snart er advent, og eit skjerf til meg.
Ringane har vi for lengst teke av oss begge to. Fingrane vart for tjukke-eller ringane for små.

7 kommentarer:

Elin sa...

Gratulerer med dagen! Eg er imponert over shoppingkosinga dykkar, stadig noko nytt...til felles glede!

solveig sa...

Gratulerer! No når det har blitt ein viktig dato, kven visste om Halloween då, så er det ein sjanse for at de hugsar det neste år!
Kva grisene symboliserer, vil eg ikkje ha nokon teoriar om....

Besta sa...

Eg trur grisane skulle symbolisere fertilitet, men kva veit eg? No veit eg i alle fall at Halloween er ein spesiell dato, eg trudde det var ein "bevegelig helligdag".

Hildegard sa...

Gratulerer med vel overstått. Som pensjonistar har ein litt betre tid å tenke, så då kan det dukke opp datoar og hendingar som har lege på "harddisken" i mange år. I staden for å gå på shopping, tok vi oss ein liten trimtur i nærområdet. Mildare i dag og litt vind, men fint. Eidabesta

solveig sa...

Det var vel frukbarheit som slo meg og, men då veit vi kven grisene er...

STRIKKEMOR(O) sa...

Viss du går inn på linken som ligg heilt oppe til venstre på sida mi, kan du velge bakgrunn til å ha på bloggen. Mange fine å velge mellom. Lykke til!

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjempekul bakgrunn!

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...