mandag, november 03, 2008

Nytt strømpegarn.


I dag har eg vore og trena, og etterpå var eg på garn-butikken. Dei har veldig dårleg utval av strømpegarn for tida, men dei hadde fått inn ganske mykje av dette. Eg vil helst ha tynnare garn, likar best å strikke det, men fordelen er at det går fortare med tjukt.Ikkje det at eg har dårleg med tid-problemet er å greie å sitte. Har strikka eit par lester i dette garnet før, dei var einsfarga blå, så no måtte eg prøve ein meir fargerik sort.
Nils skal ut og drage teiner, og så skal han sette laksegarn. De har vel høyrt at fjorden her er full av rømt oppdrettsfisk? Han måtte først stad og kjøpe seg ny "garasjefrysar", for den gamle slutta å virke. No er den nye på plass. Så får vi berre håpe han får tak i noko å putte i den.
PS: Fansten i dag vart ein hummar og to krabbar.Det vart "middagen" vår denne dagen. Så spørs det kven som går i garnet i natt. Vi lever i spenning.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Er garnet til å strikke lestar til julegaver???
Sjekk bloggen på onsdag eller torsdag.. Hentar kanina onsdag trur eg:-)
-Olaug

solveig sa...

Fine fargar! Men ein skal vel ikkje skryte så det liknar tigging....

Besta sa...

Lat meg seie det slik:Eg har ein plan.....men veit ikkje om eg kjem i mål.

Hildegard sa...

Fine fargar, liknar på det som eg strikkar p.t., FagStrikk frå Rauma, hjå Eid Miljø, 70 % ren ny ull 30 % polyamid, veldig godt å strikke. Kjekt å strikke noko som lagar mønster utan at ein treng å konsentrere seg, meir sosialt!
Eidabesta

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...