mandag, november 16, 2026

Dagbok 2026:16.november

Klokka er no18.12 oog eg kom nettopp heim etter å ha vore ein tur opp til Marit, Då eg skulle gå over gata og heim, fekk eg sjå den store flotte månen som var ute i kveld.

Temperaturen ute er 0 graderC og det er opplett.

Dagen i dag har ikkje vore så spennande sidan eg har vore her åleine. Eg har sete og strikka for det meste, og elles gjort litt husarbeid, vaska klede for eksempel. I dag morgon var det snø på vegane , men no er der bert. Men blir det kaldare kan det bli glatt.

Dette bildet tok eg på vegen heim, eg skulle kanskje ha tatt bilde motsett veg, for naboane har fått opp mykje fin belysning allereie-eg ventar til desember-trur eg.

Eg får vel sette på TV-en og ta fram strikketøyet igjen, Eg strikkar så mykje feil for tida, så eg bør skjerpe meg litt.Det går i leste-strikk -eg har to døtrer som syter for dei fine plagga , til seg sjølv og andre. Og takk for det. No skal er finne meg litt godt å ete og sette på TV-en. 





 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:16.november

Klokka er no18.12 oog eg kom nettopp heim etter å ha vore ein tur opp til Marit, Då eg skulle gå over gata og heim, fekk eg sjå den store fl...