torsdag, juni 17, 2010

Vermelding 17.juni 2010

Klokka er 15.00. Temperaturen er +13 grader C.Ute er det skodde og regn.
Nitrist ver.Eg har brukt føremiddagen til å vaske og støvsuge både her vi bur og nede i kjellaren.Nils trossa veret og flytta nokre plantar frå eit bed til eit anna.
Hugsar eg sa det sist vinter, då vi hadde DET nydelige veret: Lurer på kva slags sommar vi får etter dette? Eg hadde bange anelsar. Pessimistar får som regel rett- viss ikkje, blir dei gledelig overraska. Vi fyrer framleis med ved !

3 kommentarer:

solveig sa...

Flott ver å flytte plantar i!!

Besta sa...

Ja, det er berre det at han må flytte dei ein gong til.Dei skulle liksom stå i ei BEIN rekkje.

Hildegard sa...

I kveld måtte vi også leggje i omnen, følte at det var like før det snøa.
Petuniaen ved inngangsdøra (nord-aust) fraus for eit par netter sidan, utruleg.

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...