torsdag, juni 24, 2010

Bok nr.34 2010: Skjellsankerne.

Så har eg lese ut enda ei bok, men eg les ikkje så mykje som det kan sjå ut som. Denne boka var på 3 CD-ar og skulle ta vel tre timar å høyre på lydbok; det tok ganske mykje lenger tid å komme igjennom, og hadde der vore ei plate til, hadde eg lagt den vekk. Det er ikkje det at boka er så forferdelig dårlig eller kjedelig, det er mest det at den er så passé. Det KAN hende at eg hadde tykt den var fin og romantisk om eg hadde lese de for 50-60 år sidan, men no synest eg altså ikkje det.
Det kan forstørre omslaget og lese kva den handlar om viss de vil.
Eg har eit uttrykk "nummeret før ukeblad"- men dette må vere nummeret etter. Eg er rettnok ingen romantikar, men dette grensar virkelig til det banale.
No ligg Knausgård klar, så får vi sjå korleis det går med meg og han, om vi finn tonen.

2 kommentarer:

solveig sa...

Siste setninga på omslaget stemmer altså ikkje!

Besta sa...

Ikkje for meg i alle fall. Trur heller ikkje du hadde likt denne.Minner om sukkerspinn.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...