fredag, juni 25, 2010

Vermelding 25.juni 2010



Klokka er 20.40. Temperaturen er + 13 grader C og det regnar. Det har det stort sett gjort i heile dag.
Likevel har vi hatt ein fin dag. Hilde og Elin kom f.m. , og etter ein lett lunsj,reiste vi på tur. Vi kjørte gjennom tunnelen og ut til Flø og såg på havet, før vi landa i Ulsteinvik på shopping. Vi hadde avtale med Solveig, så vi møttest på Amfi. Etter at alle hadde ulysta seg på shopping, for vi til Hareid og drakk kaffi hos Solveig og Øystein. Mannfolka såg fotball mens vi damene hadde andre interesser. Vi hadde i alle fall tema nok på programmet og kunne sikkert halde det gåande lenger.
Det vart ein liten rundtur på Hareid før vi tok på heimvegen.

5 kommentarer:

Elin sa...

Hjartans takk for ein strålande dag. Tenk å få sååå god gaiding, veldig kjekt. Eg skal prøve å blogge Flø-bilete i morgon. Og no er det dykkar tur og ta turen, kvifor ikkje ta turen eins ærend, i staden for å tenkje snarstopp til og frå Austlandet?

Hildegard sa...

Kjekt at de hadde ein fin dag. Neste gong er det vår tur, men vi er ikkje så interessert i shopping som dei unge.
Eidabesta

Besta sa...

Vi syntest det var kjekt å gaide og tek gjerne ein tur utan shopping også. Nils og eg har god tid til å shoppe, så det er ikkje noko must for oss. Gaiding er fint på den måten at ein ser alt med nye auge-dessutan likar vi sjølve å fare rundt og sjå oss omkring. Så vi ser gjerne at "gamlefolket tek seg ein tur også. Til Elin: Ja, det er klart vi kan ta turen eins ærend, det er ikkje den Amerika-reisa.

solveig sa...

Eg trur Eidabesten hadde likt seg i Brandal! Ishavsmuseet og rstane etter krigen.

Besta sa...

Ja, det er berre å komme, så tek vi ein tur. Vi har vore på ishavsmuseet (skuletur)-men trur det er finare der no. På Kvitneset har vi ikkje vore.Det er der "krigsrestane" er. Det er ikkje langt å køyre frå Hareid, men det er kjekt å ha nokonlunde bra ver på slike turar.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...