mandag, juni 21, 2010

Vermelding 21.juni 2010

Klokka er12.40. Temperaturen er + 18 grader, det er overskya,men opplett. Ganske deilig ver eigentlig.
I dag skulle Nils ut og fiske, og hadde avtalt med sin irakiske venn om å møtast å Shell klokka sju. Eg ymta frampå om at kanskje Hassan ikkje var heilt presis, og det stemte. Klokka 7.30 ringde han og skremte meg opp i ein viss fart.Han ville vite om Nils var HER, men eg kunne berre seie som sant var.Kanskje han er presis ein annan gong?

Nills kom nettopp heim att, sveitt og sliten.(Sjå bildet !) Han hadde sett lina fast i botnen og fekk den ikkje opp att. Berre ein liten stump var med heim, og tilsvarande lite fisk. Men vi har småsei til i dag+ ei fin brosme. Ein må vel rekne med litt svinn?
Mens han var vekke, fekk eg rydda, støvsuga og vaska litt, som vanlig. Skulle gjerne vore ute og jobba i hagen, men det er litt vått enno. Og så er det den ryggen,då......

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Irriterande med folk som ikkje er presise - og i dag hadde han verkeleg hatt bruk for hjelp. Trasig å miste fiskereidskap, men det skal vel noko til at det ikkje blir litt svinn, så mykje som han fiskar.

Besta sa...

Hassan var med han ut att i går kveld og saman fekk dei opp att lina.Hassan er eigentlig utdanna gullsmed, han har ein son som studerer i Oslo, men elles trur eg han er åleine her. Han er heilt VILL etter å fiske, og synest det er stas å få vere med ut i båt.Og Nils likar å ha han med.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...