mandag, juni 21, 2010

Bok nr.33 2010: Tvillingen.

Dette er Merete Junkers andre bok om NRK-journalisten Mette Minde. Den første har eg ikkje lese.Handlinga i boka er lagt til Grenlanddistriktet,for det meste til Porsgrunn. Dette er litt spesielt, og eg får vite litt om denne byen og området rundt som er ukjent for meg. Det gjer sjølvsagt at eg får lyst å reise dit.(Har vore der berre på gjennomreise).Boka minte meg mykje om bøkene til Camilla Læckberg, men med mindre te og bollar.Likevel meiner eg her er litt for mykje "prat"-  boka kunne med fordel vore strengare i komposisjonen.Likevel held den fokus på saka heile tida og slik meiner eg det bør vere.
Både sjølve "kriminalgåta" og løysinga er ganske rotete med mange trådar som skal knytast i hop til slutt. Det blir for såvidt gjort, men det heile er noko usannsynlig etter mi meining. Noko av løysinga gjetta eg nokså tidleg. Men OK-krim er krim.
Eit stort minus til opplesaren for mumlete og utydelig tale. Eg har måtta høyre mykje om att fordi eg ikkje har fått med meg kva ho seier. Dette har eg aldri opplevd før.
Tross alt eg har å innvende, kjem eg nok til å lese fleire bøker om Mette Minde viss det kjem nokon. Norges svar på Camilla Læckberg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...