tirsdag, juni 15, 2010

Vermelding 15.juni 2010

Klokka er no 13.30. Det er lettskya, sol og fint ver.Men framleis er ikkje temperaturen så mykje å skryte av, +16 grader og vind.
Føremiddagen har eg brukt til diverse husarbeid, og så var eg ein tur ut gjennom gata til ein hageglad nabo for å tigge meg ei hosta-rot. Driv og plantar hosta i krukker på baksida av huset. Ikkje så mykje som trivst der. Nils kokar middag, salta lange med poteter og gulrot. Enkelt og godt.

I dag fyller eine niesa mi på Eid år, og vi gratulerer så mykje med dagen!

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Takk for gratulasjonen! Sjølv om eg ikkje var frisk, blei det ein kjekk dag likevel takka vere Bodil og Elin som kom med kanelsnurrar og sjokoladekake. Også Kristine,Audny, Svein, Signe og Kåre kom på besøk. Henning var på overnattingsbesøk i Bjørkedalen saman med barnehagen. Det blir spanande å høyre korleis dei har hatt det!

Dagbok 2026: 8.mars

Klokka er no 16.30, det er overskya ute, men opplett. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Fonnvernet. Det var kjekt der i dag, for eg møtte e...