mandag, juni 14, 2010

Vermelding 14.juni 2010

Klokka er 12.45.Temperaturen er + 11 grader C. Det er skya, men sola er framme av og til.
Nils begynte å klippe plen, men då begynte det å regne litt. Eg synest det er surt og kaldt.
Vakna i dag med verk i heile kroppen,det er vel ei slags gikt, og hadde problem med å komme i gang med noko fornuftig.Men sidan eg var så elendig at eg knapt kunne bli verre, tok eg og vaska ned badet.Trur nesten det hjelpte litt.No blir det ikkje same grundige vaskinga som eg bedreiv i gamle dagar, men så er her ikkje så skite heller.
Nils for ut for å fiske klokka 5, eg fann ein lapp på bordet då eg stod opp. Han fekk nokre makrellar etc.som naboen fekk, og ein stor, fin sei som vi skal ha sjølve.I dag skal vi ha fiskekaker frå frysaren.
PS: Dompapane våre er her og forsyner seg av solsikkefrøa kvar dag. Elles har vi masse gråsporv i hagen, den har vore heilt borte frå dette området i mange år.Berre i ein hekk nede ved skulen såg eg gråsporv.
PPS: Eg trudde det var den 13.i dag, no ser eg at vi er komne til den 14.juni.Og då vil eg sjølvsagt gratulere Karen-Marie med 69 årsdagen i DAG !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...