onsdag, juni 16, 2010

Vermelding 16.juni 2010

Klokka er15.00. Temperaturen er + 14 grader C, det er overskya, men opphaldsver.
Før middag i dag fekk vi endelig rydda og vaska litt i den såkalla matboda i kjellaren, og Nils hadde fullt bagasjerommet med rusk og rask som han kjørte bort på VØR med, mens eg var på biblio.Vi var også innom Amfi og handla litt mat. Kjøpte ein ferdig grilla kylling, som blei middagsmaten i dag.
I går e.m. jobba vi litt ute, blant anna fekk Nils sett opp not over jordbæråkeren. Eg var så ufin at eg bemarka  at overbygninga var litt overdimensjonert i forhold til plantane.Men så kan eg gå nesten oppreist under nota-viss der blir bær å plukke.

5 kommentarer:

solveig sa...

Det er sånt ver at ein får finne på noko inne. Vi får ikkje fri før neste onsdag, tysdag siste dag.

Besta sa...

Eg har tusen ting å gjere både ute og inne, men kroppen vil ikkje. Fann mange Norgesglas meir enn eg visste om i kjellaren.Du skal få dei-enten du vil eller ikkje.

solveig sa...

Likar dei store best ... Men eg vil gjerne ha.

Besta sa...

Der var nokre toliterar!

solveig sa...

Flotte til makaroni/mysli t.d.

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...