tirsdag, juni 08, 2010

Bok nr.30 - 2010: Ritualer.

I dag må eg innrømme at eg let alt arbeid vente, mens eg las ut denne boka. Det er den tredje boka eg har lese av denne forfattaren.
Den første eg las, Kuren, var ganske ekkel, for å seie det forsiktig. Etter den andre,Fuglemannen, lova eg meg sjølv aldri meir å kløyve ei bok av Mo Hayder. Då eg lånte denne på biblioteket, fortalde dei at det var ein mann som hadde levert den tilbake, for DETTE ville han ikkje ha.
Så det var med bange anelsar eg begynte på boka. Og så går det ikkje lenge før eg er fanga, på ein heilt annan måte enn ved dei to førre bøkene. Berrre starten, der ein blir tekne med til Bushman´s hole i Sør-Afrika , gjer at eg må lese vidare.Her er afrikansk folketru/overtru/ Woodoo etc. til tross for at det meste av handlinga er lagd til England.Dette er det mest interessante å lese om, etter mi meining.
Og så oppdagar eg etter kort tid at forfattaren faktisk er ein eminent skribent.Og ja, her er fryktelige, groteske og uappetittlige ting, på grensa av det som er til å sette på trykk,men midt i det heile ein slags poesi, eller kva ein skal kalle det.Det er noko eventyrlig over det heile, og det er eg svak for.Og språket er perfekt.(Her må vel omsetjaren få sin del av æra).
Oppbygginga av romanen er slik som krimromanar skal vere, fokusert utan for mykje fyllstoff. Og alle trådar blir samla til slutt.
Så forrykande spennande er det ikkje, før kanskje på slutten, men det betyr mindre for meg.
Så, Solveig, du som er fan, har noko å glede deg til. Eller kanskje ikkje?
Kan anbefale boka - men ikkje til sarte sjeler, for dette er ikkje PENT.
NB: Eg har ikkje googla boka, så kanskje eg tek heilt feil. I så fall vil eg ikkje vite det.
I

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg trur absolutt denne er noko for meg! Dess verre dess betre!

Besta sa...

Viss det er sant det ho skriv om afrikansk folketru/overtru, er det ganske uhyggelig.Eg er svak for bøker der eg lærer noko nytt-same kva det er.Trur du kan glede deg.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...