tirsdag, juni 08, 2010

Vermelding 8.juni 2010

Klokka er 13, temperaturen er+ 17 grader C, det er ganske skya, men opplett.
 Eg synest det er kald vind ute, og har tatt på meg ullgenseren igjen.
Nils skulle klippe plen i dag, men sidan det hadde regna i dag tidlig, måtte han vente litt.Vi brukte ventetida til å gå på biblioteket og å handle litt mat. Sidan vi var i siget, tok vi også ein liten biltur i nærområdet. På biblio fann eg ei bok som eg har høyrt mange lovord om.Eg har gått forbi den før, fordi eg tykte den såg kjedelig ut.Men altså, folk let vel både over filmen The Road og boka som ikkje overraskande har fått tittelen Veien.Den har fått terningkast 6 -så forventningane mine er skyhøge.
No skal vi lage oss tidleg middag, og så tek arbeidsdagen til om ei stund."Når sola går ned i vest, arbeider den late best", seier eit gammalt ordtak.Apropos så flytta vi Milenarosa opp til garasjen i går.Vi vil ha det fint der vi ser  oftast.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...