Klokka er no 18.43, temperaturen ute er +20 grader C. Det var litt vått på gata då eg stod opp, men resten av dagen har vi hatt sol og varme. Eg skal innrømme at eg har gjort veldig lite i dag. Berre litt hagearbeid og nesten 0 husarbeid. Ja, det er no ikkje så ofte vi har slike dagar så vi må ha lov å nyte dei. Eg har sete mykje oppe på platten med Marit, men eg har også sete på altanen her og strikka-ja noko må ein no henge fingrane borti. LITT hagearbeid har det blitt og i dag fekk eg smake på svartsurbæra mine-så no skal eg vel bli veldig sunn og frisk-enda friskare enn eg alt er. No får eg berre håpe at ikkje fuglane fer med alt, det gjorde dei eit år.
I morgon ventar eg Solveig innover, ho skal hjelpe meg litt før ho reiser til Roma. Eg håper dei får ein veldig fin tur, for det fortener dei. Dei står mykje på for meg og alle dei andre i familien, så dei treng litt avveksling. Eg misunner dei ikkje, eg hadde ikkje orka å vere i Roma , trur eg. I min alder trivst dei fleste best heime. Trur eg.
I morgon skal dei komme og tømme glas,flasker etc. Eg har hoppa over to hentingar så eg har veldig myke. Det er så bra at vi har VØR som ordnar opp for oss. Eg hugsa korleis det var før i tida, vi visste ikkje kvar vi skulle gjere av bosset.
Det var kjekt å få desse fine dagane no på slutten av sommaren. No kjem vel hausten snart og det er den årstida eg likar best-viss det er fint ver, vel å merke.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar