Klokka er no17.40, temperaturen ute er +21 graderC. Det har vore fint ver i heile dag, men no er sola borte.
Det har vore ein litt spesiell dag sidan kongen døde i går; det var ikkje så mykje eg kunne gjere for å vise sorg, men eg t0k i alle fall og fann fram den mørkaste "toppen" eg hadde og hadde den attåt den svarte buksa. Eg kjende no ikkje kongen personleg, men eg og mange andre har no på ein måte blitt kjent med han på TV.
Det er tredje gongen eg opplever at ein konge døyr. Eg hugsar godt då Håkon den 7. døde, og eg minnest også Olav den 5. Gode kongar alle, trur eg.
Eg har no elles hatt ein fin dag i dag. Solveig kom ganske tidleg -og ho hjelpte meg med tekniske ting på PC og Telefon, det er ikkje alt eg får like godt til. Nemleg. Så var vi på KIWI og handla,i hennar bil sjølvsagt.Ho likar godt den nye El-bilen.
Så insisterte ho på å klippe plen, enda eg sa at ho trong ikkje gjere det. Men det vart ikkje alt for lenge for batteriet varer ikkje så lenge. Og det tek 4 timar å ladde det opp att.
Litt mat måtte vi også ha før ho reiste heim att. Ho og Øystein skal til Italia og vere der ei vekes tid, no er dei begge pensjonistar og kan bestemme litt over si eiga tid.
Det kan for såvidt eg også- men i min alder no trivst eg best heime, og har det tryggast der.
Eg har gått i heile dag og venta på at dei skulle komme frå VØR og hente alle glasa som eg hadde i boksen som stod opp ved gata. Dei kom aldri ! Men så var eg oppe hos Marit ei stund ogdå eg gjekk heim kika eg opp i "Dunken" -og den var tom- Så i dag blei eg litt "lurt" -men bra det.
Vil ønske alle ei god helg uansett.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar