Klokka er no 17.48, og temperaturen ute er +14 grader C. Eg har ikkje vore ute i dag, men eg trur det har vore opplett- men ikkje sol.
Eg har vore heilt i ørska nestsen i dag, eg har vore så trøtt at eg orka ingen ting, men til slutt greidde eg å støvsuge golvteppa. Deretter vart det rett i godstolen framfor TV-en , og der har eg sett på kongar dronningar og andre folk i Oslo og gjer opp meiningar om kva eg likar eller ikkje likar. Eg sit å tenkjer på korleis det er å ha ein konge og ikkje ein vald president. Det er heilt tydeleg at kongen vår som døydde no har vore elska av folket-og her er det ikkje snakk om politiske synspunkt etc. Ein konge er for alle og eg er glad for at vi har kongedømme i landet vårt. Kort sagt..
Eg har sjølvsagt hatt noko å strikke på , kan no ikkje sitte med hendene i fanget heile dagen. Eg lurte på om eg greidde å gå på Vernet, men det slo eg i frå meg. . Men no har eg i alle fall fått opp augene og er skikkeleg vaken, men eg trur ikkje eg kjem til å finne på så mykje likevel. Solveig og Øystein reiser til Roma i morgon, og eg ser at Margrete har vore på fjelltur, så det er no somme som er aktive. Eg har no vore relativt aktiv med hagearbeid i sommar, men det tek av no når hausten er her-snart.
Eg er glad for at eg kunne ta opp att strikkinga, men eg må vere litt forsiktig så eg ikkje blir låk i handa igjen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar