onsdag, august 26, 2026

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk gjort litt husarbeid før eg køyrde til Vik. Det var nokre tablettar eg måtte ha, for det var tomt i boksen.

Det er så godt å ha fått bil igjen, for så greier eg meg mykje betre sjølv og slepp å bry andre, for eg må sjå i augene at eg ikkje greier å gå til Vik og opp att på mine gamle føter.

Elles har eg gjort fint lite i dag, for det meste har eg sete og sola meg i lag med Marit oppe på platten, Men det vart så varmt at eg gjekk ned att til meg sjølv og sat på altanen, der var det litt frisk vind. Trur eg sovna ei lita stund også. 

Eg står på altanen og ser ned i hagen. Førre veka klipte eg graset nede i skråninga, og då vart mykje liggande att. Det var ikkje så gale for no har det vakse opp nytt grønt gras, og der ligg berre nokre små dottar med tørt gras-att. 

Oppe på plenen ser det verre ut for der har eg klipt grundig, det som gjer at det blir stygt er at der er så mykje mose i lag med graset. Men eg har ein plan!!!!

Fredag kjem Solveig som no er pensjonist og hjelper meg litt med diverse før ho og Øystein reiser til Roma. Der har dei ei leilegheit som dei kan få bruke av og til.Eg unner dei å få kvile litt for dei har hatt litt av kvart å styre med i det siste.

NO er klokka 19, så eg har ein sjanse på å få sjå nyheiter.



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...