onsdag, juni 09, 2010

Vermelding 9.juni 2010

Klokka er12.30. Temperaturen + 19 grader og skodda ligg framleis i fjella. Trur sola kjem til å bryte gjennom utpå dagen, men det tek si tid.Naboen trur i alle fall på sol, for han driv og monterer nye markiser.
Eg har halde meg inne, har vaska og støvsuga til helga, sidan eg skal på rek både i morgon og fredag. I morgon skal eg til Volda og røntgenfotografere hofta mi, og fredag er det frisør.Begge delar trengst.Nils skal på eit kommunalt møte no klokka 13, så middagen er utsett på ubestemt tid
Denne vesle karen forvilla seg då han skulle flyge inn i buret sitt bak altandøra, og landa blant orkidéane i vinduskarmen. Ikkje rart han var forvirra. Han "beit" ganske godt ifrå seg, men roa seg etter kvart.Så det er ikkje berre Lars som reddar fuglar i dag.Viss nokon skulle vere i tvil, så er det ei blåmeis.

1 kommentar:

solveig sa...

Her blæs det i dag, men sola har endeleg kome fram.
I morgon skal 9. på fjelltur frå klokka 17. Eg kjem ikkje til å overnatte. Har ikkje rygg til å bere tung oppakning.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...