onsdag, juni 23, 2010

Gratulerer med dagen, Einar !

Då Einar vart fødd den 24.juni 1987, var han det første barnebarnet vårt, og det første oldebarnet i slekta mi. Her er det påska året etter og det er oldemor Amanda som held han på fanget.
Her er vi komne til sommaren 1988. Eg hadde vore nede i Vik og der hadde eg kjøpt lodd på gata.Då vann eg 1.premie og kunne velje mellom alle bamsar og andre dyr som var.Eg kom heim med den blå kanina Ninni som var større enn Einar. Trur han var litt redd den første tida. Det er ein av dei få gongane i livet mitt eg har vunne noko som helst. Når eg tek med så mykje bakgrunn er det for at de skal få "gjenoppleve" stova slik den var den gongen.
Her står Solveig med Einar på armen ute under bjørka vår. Dette treet er borte for lenge sidan, men Solveig er ganske lik seg slik ho var då.
Her er eit av yndlingsbilda mine. Det er frå den tida Margrete studerte i Kristiansand og hadde relativt lange feriar. Men ikkje før var ho komen heim, før ho reiste ut på Hareid for å passe Einar.

Åra gikk, og her er vi komne fram til sommaren 1995. Det året hadde Nils og eg vore i Sverige, og hadde med feriegåver heim til barnebarna. Til Einar og Audun hadde vi kjøpt ein oppblåsbar plastbåt. Då dei kom inn til oss på "ferie" tok vi dei med fram på Vallasetra og dei fekk ro på Brillevatnet. Og så spidda vi pølser på bål.

Når nokon fyller år, blar eg i gamle fotoalbum og minnast tida som var.Der er så mange bilde og så mange minne, mest gode heldigvis. Det er nesten vanskelig å finne bilde av Einar åleine etter at Audun vart fødd, på dei fleste bilda er dei to i lag.
Bilda er nokså tilfeldig valde denne gongen også.

Gratulerer med dagen,Einar! Hugsar at då du var liten var det ikkje BERRE kjekt å ha selskap dagen etter jonsokafta, for dei fleste hadde ulysta seg på godteri dagen før.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt og vemodig å sjå gamle bilder. Gratulasjonar frå oss her også.

Anonym sa...

Takk for helsing.

eot

Anonym sa...

takk for helsing

eot

Dagbok 2024: 20.april

  Under over alle under, eg fekk til å legge ut bilda eg tok i dag føremiddag, eg trudde det aldri ville skje- Det verste er at når eg endel...