søndag, juni 13, 2010

Vermelding 13.juni 2010

Klokka er 13.45. Temperaturen er + 11 grader. Det er overskya, skodde og litt regn, men det ser ut til at det skal bli betre på sikt. Eg har i alle fall gikt og smerter både her og der, noko som plagar meg mest i fuktig ver.
No har vi vore på rek i tre dagar, så det er litt rart å vere heime ein heil dag. TV-en står på fotball, så det slepp eg i alle fall å sjå på.

Når eg ser ut, ønsker eg meg ei kraftig motorsag. Så skulle eg gå amok og sage ned alle høge tre i heile nabolaget og enda lenger. Likar å ha "utsikt"- og tre har vi nok av i skogen. Forstår ikkje at folk vil ha dei digre trea på tomtene sine+ alt lauv og nåler på tak og i takrenner, og på tomta. Alle som har tre som skygger for sola til naboen, bør i alle fall gripe til saga.Snakk med naboen, og høyr kva han meiner. Vi treng all den sol vi kan få! VÅRE naboar er greie slik.
Det samme problemet er det langs dei fleste vegar, ein ser verken vatn eller sjø for berre tre. No har dei rydda ei strekning ved Voldavegen, og det er så fint å få sjå ned på fjorden. Langs Nordfjorden er det også veldig fint, for der går vegen nær sjøen.Det er sikkert mange som ville rydde litt mot å få veden. Norge gror igjen av krattskog, truleg fordi her er lite beitedyr att. Så grip saga og Carpe diem.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Enig med deg at de misser mykje utsikt på grunn av høge tre i vest. Såg på TV at det gror igjen i strandsonene på sørlandet også og at det ikkje er nok folk til å rydde! Det har nok litt med organisering å gjere, trur eg.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...