søndag, juni 27, 2010

Vermelding 27.juni 2010

Klokka er13.30, temperaturen er + 20 graderC, det er lettskya og sol av og til.
I dag var det såpass fint ver at det frista med ein tur til Aasentunet og Dei Nynorske festspela.
Sidan det var utandørs gudsteneste med dertil høyrande kyrkjekaffi, valde vi det. For sikkerheits skuld kledde eg meg godt-litt FOR godt skulle det vise seg.
Det var ei fin gudsteneste med aktørar som vi kjende frå før, stort sett.Preika var ved presten Margit Lovise Holte, som kjem frå Folkestad. No er ho prest i Lommedalen og underviser i tillegg på Menighetsfakultetet.Ho heldt ei veldig god preike utan kliséar.
Liturg var sokneprest Kjell Roger Isene som døypte Ingeborg på 15-årsdagen hennar.Organist var Morten Bollerud som spelte i Kilsfjord kyrkje både då Ingeborg vart døypt og konfirmert-for anledninga i dag i mørk dress. Preludium og postludium var spela av han+ Roger Jensen på kontrabass.
Skriftlesar var Rønnaug Kleiva, festspeldiktaren, tidlegare kollega og venninne. Teksten var frå Rom.2,1-4. Eg fekk helst på henne etter preika-det er nokre år sidan vi har møttest, men skriv til kvarandre kvar jul.
Etter preika kjøpte vi oss kaffi og kaker og sat ute og prata med Bjørg og Hans K., og det mangla ikkje på samtaleemne. Elles synest eg at inngangspartiet er det aller finaste ved dette flotte bygget som vart teikna av Sverre Fehn i si tid. Det vart ikkje utlyst nokon konkurranse, han fekk oppdraget!
Kjekt at det vart fint ver på tampen av festspela, men eg trur der har vore bra med folk på dei fleste arrangementa. Vi trefte mange vi kjende, dei fleste var gamle. Som vi.
Nokre av dei gamle husa står att i tunet, men det er bygd eit nytt lite hus av stein, der gamle gjenstandar vart oppbevarte. No er det meste flytta inn i senteret.

For dei som ikkje har vore på senteret, kan eg anbefale ein tur dit.For folk som ikkje er handikappa er det eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen og opp. Dei som ikkje greier å gå, kan bli kjørt til døra.Her er diverse arrangement heile året,ope kvar dag, og kafé der ein får kjøpe både middag og kaffi.


5 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at de fekk med dykk litt av festspela. Eg har ikkje vore på Åsentunet. Må nok gjere noko med det.
Ha ein fin søndag!
Eidabesta

arieldog sa...

Kjekt at de kom dykk av garde!

Besta sa...

Eg bestemte meg i går -så då går det greitt. Har ikkje vore heilt i strøk siste par dagane, men er no heilt på topp igjen.

solveig sa...

Mange sterke krefter på den gudstenesta!

Besta sa...

Den unge ,kvinnelige presten var kjempeflink. Håper du har slått opp og funne teksten. Spurde Rønnaug om det var ho som hadde valt den, men ho var der for å sitte å "anskueliggjere" den,sa ho.
Dvs. Ho las teksten.