lørdag, juni 26, 2010

Klokka er 15.45.Temperaturen har stige frå iskaldt til + 19 grader C og sola held på å kome fram.I dag vart det ei lita shoppingrunde til med oss, måtte ned i Vik ein tur sidan det er festspel. Kjøpte litt garn hos Ronille til halv pris, må begynne å tenkje på julelageret mitt. Diverse andre småting vart det også her og der. Har siste dagane hatt eit akutt genserbehov-dvs. varme genserar i sommarlige fargar. Beste (og einaste) genserutvalet her i distriktet er det Møre Konfeksjon som har. Og sidan det var halv pris på mange av dei, kjøpte eg like godt to. Og det hjelpte, for det vart varmare med ein gong ute.
På heimvegen kjøpte vi oss eit nytt Victoriaplommetre sidan det gamle ser ut til å takke for seg i år. Ha ei god helg alle saman.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Lekre fargar på alt saman - særleg såg gensarane spreke ut. Eg påstår eg har spart tusenvis på det kalde vêret i vår, for det vart ikkje nødvendig å kjøpe så mange sommarlege klesskift før vi fekk ferie.

Besta sa...

Kar du he dei pengane? Viss det blir varmt, må eg ha nye T-skjorter, men OK, eg kan no bruke genserane innimellom likevel.

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine genserar og lekkert garn!

Besta sa...

Garnet kjøpte eg hos Ellinor, det var ikkje så stort utval lenger.Fekk fortalt henne om turen i går, ho hadde fått snakka for lite med Hilde, sa ho.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...