onsdag, juni 30, 2010

Vermelding 30.juni 2010

Klokka er 13.00, temperaturen er +15 grader C. Ute er det skodde,skyer og litt regn, men det ser ut til at veret besnar etter kvart.
Vi har vore nedover og shoppa litt i dag.Mellom anna kjøpte vi sklifri plastduk til salongbordet og to nye sofaputer. Vi handla hos Målar-Olav og gikk ned til Amfi etterpå. På vegen mot Amfi går vi forbi denne gamle båtstøa som truleg høyrde til den store Svendsengarden (Også kalla Mellegarden) midt i Vik. Hovudhuset er det store, okergule huset  i gågata der det no er kafé.
Sjøen er ikkje direkte speglblank i dag.
Då vi kom heim fekk Nils eit koselig brev frå Sogn og Fjordane politidistrikt. Han har viss brote fartsgrensa då vi køyrde til Kongsberg sist.1600 kr å betale. Eg er ganske sur. Heilt bortkasta pengar. Eg plar halde eit auge med speedometeret når vi er på tur, noko som ikkje alltid er like populært.Men denne gongen gikk det altså gale, Nils meiner vi såg eit blink då vi køyrde gjennom ein av tunnelane.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Synd med fartsbota, han som køyrer så fint! Surt å må bruke pengar på slikt....

solveig sa...

Ja, ja, han har køyrt bil i mange år utan å få bot. Det er lett å gløyme seg vekk når ein køyrer langt.

Hildegard sa...

Kjedeleg, det er nok i dei nye flotte tunnellane fartsbøllene prøver seg, derfor fotoboksar. Snart å gløyme seg, skaff dokke GPS, den held styr på det meste...

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...