torsdag, juli 01, 2010

Vermelding 1.juli 2010

No er klokka snart 21, og vi er nyss komne heim frå langtur. Temperaturen er + 19 grader ute no, og det vart etter kvart ein strålande dag etter at morgonskodda forsvann.
Så til turen. Vi hadde eit ærend til Spjelkavika, og etterpå måtte vi ut i bya ein tur og sjå på livet der.Der var det m.a. eit stort cruiseskip som låg ved kai og masse utlendingar i gatene. Vi rusla rundt litt og leita etter kafé og vart berga frå hungersnøden då vi fann Peppes pizza. Vi elskar pizza!
Vi gad ikkje å gå så mykje i butikkar, så det vart til at vi tok heimturen om Hareid, der vi drakk kaffi på altanen i fineveret. Hareidsbildet er tatt frå ferja.Når vi kjem denne vegen har vi Hareid midt imot, Hjørungavåg til venstre og Brandal og Kvitneset til høgre.
Kjøpte vi ingen ting på turen? Nei, berre ein bil! Det var det som var ærendet. Vi såg først på Nissan her,men Nils har lenge hatt lyst å prøve ein Mitsubishi, og det vart det vi kjøpte. Ein Mitsubishi Colt i fargen Craneberry red. Margrete skal overta Note-en, så den kjem i gode hender.
Eg gikk berre inn på butikken og sa: "Eg skulle hatt ein bil!"- "Då er du komen på rett stad", sa seljaren.
Etterpå sa han at han aldri hadde selt ein bil så fort-med unntak av ein han selde til tanta si.
Vi skal få bilen torsdag i neste veke.

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer!

Bjørg sa...

Gratulerer!
Eg og har lyst på ny bil!

arieldog sa...

Når det regnar på presten... Gler meg!

Besta sa...

Det gjer vi også. Endelig raud bil igjen! Vi sparte ca 50 000 på å kjøpe Mitsubishi i staden for Nissan også.

Besta sa...

Og kva skal vi kjøpe for dei pengane vi sparte......

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...