fredag, juli 02, 2010

Vermelding 2.juni 2010

Klokka er 15.15. Det har vore sol og finever i dag, men no har det skya over. Det er framleis fin temperatur,+ 26 grader C.
Nils og Hassan har vore ute og fiska, men i dag vart det berre småsei ; nokre så små at dei blir til agn på lina.
Eg har for det meste lagt ute på altanen og lese Min kamp 1-snart ferdig no.
De kan lese om boka her.
Og så har vi kokt plommesylte av 8 kilo plommer frå frysaren.

1 kommentar:

solveig sa...

Vi og fekk sol før det skya over. I går vart eg litt raud, så det kan no vere greit å ta solinga gradvis.

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...