fredag, juli 02, 2010

Bok nr.35 2010: Min kamp 1

No har eg akkurat høyrt ferdig siste plata av denne boka, og eg er nesten ute av stand til å skrive, for dette er sterkt.Her og no er eg frista til å seie at dette er det beste eg nokon gong har lese. Denne mannen kan skrive!
Karl Ove Knausgård er født i 1968, og det har vore drive ein del ap med at ein mann i 40-årsalderen skriv ein roman i seks bind om sitt eige liv.Og det høyrest unektelig nokså sært ut.
Det har også vore sagt at han utleverer sine nærmaste, og det gjer han. Men han gjer det med slik kjærleik og integritet at ein blir gripne langt inn i hjerterota. Og mest av alt utleverer han seg sjølv med sine kjensler og tankar.Boka er veldig detaljert, til tider meir enn ein orkar, men eg forstår kvifor han tek med alle desse tinga. Språket er konvensjonelt bokmål, på grensa til det gammalmodige, og  flyt som ei roleg elv. Her finst ikkje "motstand" i språket.
Eg har alltid tenkt at om eg skulle ha skrive ei bok om mitt eige liv, skulle eg skrive etter assosiasjonsmetoden, og det er det Knausgård gjer. Her er ei "her og no"-forteljing som går gjennom heile boka.Men gjennom tilbakeblikk får vi historier frå barndommen og ungdommen hans. Sentralt i boka står forholdet til faren.
Eg har ikkje opplevd det samme som forfattaren, men forteljinga hans er også slik at den opnar opp for eigne minne om liknande hendingar og kjensler.Elles får boka meg også til å tenkje på Hamsuns Sult.
Eg vil råde til at de les litt om forfattaren før de les boka.
De kan også lese om boka på linken som ligg på vermeldingsbloggen min for i dag.
Det er ikkje ofte eg tek fram dei store superlativa om bøkene eg les, men denne gongen gjer eg det. Anbefalt!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Gled meg til desse bøkene. Det blir ikkje lese så mykje med meg, men har som regel noko på gang. Har lese boka til Øystein og har liggjande Barac Obama på lesebordet. Er nett ferdig med "Hundre år". Treng litt tid å fordøye den.
Eidabesta

Besta sa...

Eg les i grunnen for mykje, rett og slett. Det blir ikkje tid til å fordøye noko som helst, og derfor gløymer eg fort.Men lydbøkene har vore til trøst og hjelp alle desse åra eg har vore "handikappa". Siste året har eg vore litt betre, men det er ikkje så store sprell eg kan gjere. Heller ikkje sitte mykje, så eg får ikkje gjort mykje handarbeid . Så då blir det bøker. 100 år var god, eg likte den godt i alle fall.

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...